Sandnesbutikken

- Du finn han nede på kaien.

Dette skiltet møter deg like før ferjekaien på Masfjordnes og fortel deg kvar du skal svinge av Fv 570 for å finne brød, melk og bensin.

Dette skiltet møter deg like før ferjekaien på Masfjordnes og fortel deg kvar du skal svinge av Fv 570 for å finne brød, melk og bensin.

Sandnes, ein liten sørlandsidyll i Masfjorden.

Sandnes, ein liten sørlandsidyll i Masfjorden.

Sandnesbutikken


Nede på kaien på Sandnes, (Masfjordnes), finn du Sandnesbutikken. Her finn du alt du treng til kvardagen og enno litt til. I nærbutikken møter du god gamaldags service, her er det like gjerne kjøpmannen sjølv som står mellom reolane i gang med å stable varer, som bak kassen. – Og treng du hjelp til å pakke varene, eller kanskje vart det litt tunge posar å bære ut i bilen? Berre spør, så hjelper me deg.

I butikken finn du ein koseleg kaffikrok, finn ein kopp kaffi, kjøp deg ein is og slapp av, så blir dagen straks litt betre,- og er du rett heldig, diskar kjøpmannen opp med vaflar til deg.

Butikken har diesel -og bensinfylling ved butikken og kjem du med båt, finn du også drivstoffpumpe på kaien. Butikken er elles kommisjonær for Norsk Tipping og har post-i-butikk.

Sandnesbutikken

narbutikken.sandnes@narbutikken.no
46 96 96 87

Austfjordvegen 2750
5981 Masfjordnes

Følg oss gjerne på FB:
https://www.facebook.com/sandnesbutikken

 
 

Åpningstider:

Kvardagar: 09.30 - 18.00
Fredag: 09.30 - 19.00
Lørdag: 09.30 - 16.00

Velkommen til ein hyggeleg handel på Sandnesbutikken.

Ta gjerne kontakt med oss her om du har spørsmål til vareutval, levering av varer heim eller liknande.