Bjørn West-museet

- Den nære krigshistoria

Bjørn west- museet - krigsbilete på ski.jpg

Omlag halvannan time nordover frå Bergen langs E39 finn du Bjørn West-museet på Matre som fortel ei dramatisk og spennande historie om motstandsgruppa Bjørn West som etablerte seg i Masfjordfjella under siste del av andre verdskrig. Ikkje alle er klare over at dei siste krigshandlingane i Europa fann stad i Masfjordfjella då det kom til kraftige kampar mellom over 800 tyske soldatar og 259 Bjørn West soldatar heilt på tampen av krigen

Bjørn  West -museet - krigseffektar.jpg

Bjørn West

Ved hjelp av tekst, film, autentiske intervju og effektar som våpen og personlege effektar får du eit innblikk i korleis det var å leve under særs strabasiøse forhold med snøstormar og kulde, problematisk innkvartering og slit med forsyningar, men også om godt kameratskap og sterk kampmoral.
https://bjornwest.museumvest.no/norsk/nyhende/bjoern-west/

Bjørn West-museet - krigssbilete sekk.jpg

“Dei kvite englane”

Bjørn West Museet har namnet sitt etter den norske motstandsgruppa som heldt til i Matrefjella dei siste seks månadene av andre verdskrigen. Museet fortel historia om dei 259 soldatane, også kalla «dei kvite englane», som på kort tid bygde opp ein slagkraftig militærbase.
https://bjornwest.museumvest.no/norsk/nyhende/bjoern-west-museet/

Bjørn West-museet - Kringlebotn.jpg

Om du vil komme tettare på dei historiske hendingane i Matrefjella og gå i Bjørn West-soldatane sine fotspor, kan du følgje kurèruta til soldatane mellom Stordalen og Kringlebotn. På denne turen får du opplevinga av ei lokal krigshistorie der du undervegs møter minnesmerka over falne soldatar i kontrast til den storslagne naturen.
Her finn du fleire turforslag med utgangspunkt i Bjørn West si historie:
https://bjornwest.museumvest.no/norsk/opplev-museet-og-fjella-ikring/


Bjørn West-museet:

bjornwest@museumvest.no
56 36 63 00

https://bjornwest.museumvest.no/

Matre 41
5984 Matredal

Følg oss gjerne på FB:
https://www.facebook.com/Bj%C3%B8rn-West-Museet-Museum-Vest-195501173837908/

 

Opningstider:
15.juni - 22.august:
Tirsdag - Søndag: 11.00 - 17.00
24.august - 30.september:
Lørdag - Søndag: 11.00 - 17.00
01.oktober - 30.april:
Ope etter avtale.

Kontakt:

Send oss gjerne ei melding gjennom skjemaet nedanfor dersom du har spørsmål om besøk, opningstider, utstillingane eller anna.