Nautesund Camping

Nautesund - kveldsstemning.jpg

Er dette kanskje ein av Norges vakraste campingar?

 Idyllisk til mellom fjordar, øyar og fjell, men likevel skjerma ved sjøen finn du Nautesund Camping og Hytter. Omkransa av vakker natur og stillheit er campingplassen ein perfekt stad for rekreasjon, fisking og turar i fjell og mark.
Her kan du nyte ei fin stund i eit variert landskap blant hytter, telt, campingvogner og bubilar.
Alt dette finn du berre 2 timar nord for Bergen, midt mellom Sløvåg og Duesund på Fv 570.

Dagen blir god uansett når ein vaknar til dette.

Dagen blir god uansett når ein vaknar til dette.

Hytter

På Nautesund finn du sju hytter med sjølvhushald, eige toalett og dusj. Hyttene er av ulik storleik, med 4 til 6 sengeplassar.
https://www.nautesund.com/no/hytter.html

På Nautesund finn du bubilplassar omtalt som dei beste i Norge.

På Nautesund finn du bubilplassar omtalt som dei beste i Norge.

Bubilparkering

På Nautesund finn du 14 plassar for bubil eller campingvogn, dei fleste med utsikt mot fjord og fjell. Alle plassane har tilgang til straum og vatn like ved.
https://www.nautesund.com/no/bobiler.html

Morgonstund på Nautesund

Morgonstund på Nautesund

Campingliv

Om du vil sette opp telt, har Nautesund to grasplenar tilgjengeleg for telting. Begge ligg skjerma til mellom hyttene. Vatn er tilgjengeleg frå vannpostar rundt plassen. Ynskjer du straum kan me også ordne dette.
https://www.nautesund.com/no/telt.html

 
Nautesund - fiskelykke.jpg

Båtutleige:

På fisketur? Eller berre loffe rundt i skjergarden og finne di eiga vesle perle heilt i ro og fred? Leig gjerne båt når du er på Nautesund så har du sjansen til å ordne din eigen middag,- eller kanskje berre dra på piknik og finne di eiga vesle badevik?
Meir om båtane:
https://www.nautesund.com/no/bater.html

 
Nautesund - uthamn.jpg

Gjestehamn

Du er også velkommen til oss med din eigen båt. Gjestehamna vår finn du fortøygd i den vesle holmen på biletet. Brygga er omlag 60m lang, og du kan legge til på begge sider. Det er straumuttak på brygga, vatn hentar du på landsida.

Nautesund - badeliv.jpg

Friluftsliv



Eit opphald på Nautesund er eit eldorado for deg som likar å vere ute. Fiske, fjellturar, badeliv, padling, eller berre  rekreasjon i vakker natur.

Kort veg til både sjøen og fjellet byr på badeliv , og godt merka turstiar gjer det lett å finne fram til fjelltoppar i nærområdet. Kanskje med eit innlagt badestopp på vegen?

Om du heldig, kjem du kanskje tilbake med ei bøtte blåbær også?

Forslag til turar i nærområdet:
https://ut.no/utforsker/stedsnavn/858570/hosteland/turforslag

Nautesund Camping & Hytter

info@nautesund.com
56 36 70 44

Fensfjordvegen 1233
5986 Hosteland

For meir informasjon:
www.nautesund.com

Følg oss gjerne på FB:
https://www.facebook.com/profile.php?id=100039440779837

 
 
Velkommen til Nautesund Camping & Hytter.  Gerd Norunn Vangsnes og Paul Van den Boom, som driv campingplassen.

Velkommen til Nautesund Camping & Hytter.
Gerd Norunn Vangsnes og Paul Van den Boom, som driv campingplassen.

Booking

Ta gjerne kontakt med oss via skjema for booking, informasjon om hytter og anna.