Ardo

Utleige av hytter og båtar.

Treng du overnatting, eller ynskjer å leige båt? Berre 3 minutt frå Hosteland, men likevel langt vekke frå trafikkstøy og mas, finn du Arvid Langøy og Ardo Utleie. Her kan du leige hus, hytter eller enkle rom. Om du vil bli berre ei natt, ei veke eller lenger, vel du sjølv.

Ardo - overnatting.jpg

Overnatting

Hos Arvid Langøy og Ardo, er sjøen berre meter unna uansett kvar du bur, og om du ynskjer det, kan du jamvel overnatte i husbåten,- nærmare sjøen kjem du ikkje!

Sjå nærmare på hytter og husbåt her:
https://ardo.no/overnatting/

Frå Areklettsanden, 4,5km unna, langgrunn og perfekt for barnefamilien.

Frå Areklettsanden, 4,5km unna, langgrunn og perfekt for barnefamilien.


MasfjordStor-17.jpg

Båtutleige 

Trange sund og små vikar gjer Masfjordskjergarden perfekt for ein padletur eller eit bad i ei skjerma vik, - eller kanskje målet er å fange stortorsken? Leiger du båt saman med overnatting, er desse opplevingane  berre minutt unna. Båtane finst i ulike storleikar alt etter føremål og ynskje.
https://ardo.no/leie-bat/

unsplash-image-gjshuj_QB2s.jpg

Masfjorden er eit eldorado for friluftsliv og uteaktivitetar både sommar og vinter.

  • Ein skjærgard perfekt for padling, fisking og dykking.

  • 10 minutt unna finn du klatrevegg i Hatlevik

  • Godt merka turløyper.

  • Laksefiske i Frøyset-elva.

  • Skianlegg i Stordalen, omlag 50 min. unna.

Ardo AS

arvid@ardo.no
903 67 553

Træet 26
5986 Hosteland
www.ardo.no

 
 

Ta kontakt for booking

Send oss gjerne ei melding via kontaktskjema nedanfor ved spørsmål om booking av hytter og/eller båtar.