Finn fram til Masfjorden

Masfjorden - midt i Vestland

Om du har vore på veg gjennom Vestland fylke, er sjansen stor for at du har reist gjennom Masfjorden ved å følgje E39 på veg nord eller sørover. Dersom du gjer nokre stopp undervegs, eller tek nokre omvegar vil du finne eit område som byr på dyktige lokalmatprodusentar, interessante serveringsstader, utsal av kunst-og handverksprodukt og historiske samlingar.

 
Kart MAsfjorden kommune (2).png

Reiseruter:

Alt dette finn du omlag halvannan time frå Bergen ved å følgje “straka vegen” langs E39, men du kan også ta nokre omvegar undervegs. Kva med å følgje Rv 57 i staden og krysse Fensfjorden via ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg ytst ute før du tek av austover igjen på Fv 570?

Om du følgjer E39 nordover frå Knarvik kjem du til Andåskrysset, her tek du av mot Masfjordnes og følgjer Fv 570 “motsett veg”. Denne ruta tek deg gjennom fjordriket og endar på Sandnes, ei lita sørlandsperle midt i Masfjorden. Her kan du ta kabelferja Fjon vidare til Duesund.

Frå Duesund kan du følgje vegen vidare nordaustover via Fv379 til du møter E39 på Kringla. Turen går gjennom eit klassisk kupert vestlandslandskap og om du er heldig får du sjå den mektige Eikemofoss i full mundur på hausten.

Frå Kringla kan du velje å følgje E39 tilbake til Matre her bør du gjere eit stopp på Bjørn West-museet før du tek turen til fjells og Stordalen via Fv 381. Om du har tid, køyr gjerne vidare til Bjordal og ta rundturen via Sogn på heimveg.

Og hugs at desse gøymde perlene berre ligg halvannan times køyring frå Bergen!

 
 
MasfjordStor-10.jpg

Masfjorden

Dra på oppdaging og finn di eiga vesle perle.