Velkommen til Hansahuset på Matre

Hansahuset Matre 3 (2).jpg

På veg nordover frå Bergen langs E-39, kjem du etter ein god time til Matre i Masfjorden. I staden for å haste vidare nordover, sving heller av frå hovudvegen ned mot fjorden og du møter ei koseleg bygd omringa av spektakulære fjell og med kort veg til det meste.

Når du kryssar elva og fortset nesten heilt ned til sjøen, dukkar det sjarmerande Hansahuset opp på høgre side av vegen. I eit heilt nyoppussa hus, men der 60-tals koloritten likevel er teken vare på, kan du nyte rolege dagar med naturen tett på.

Frå Hansahuset si koselege stove. Om Hansahuset: Hansahuset er nyoppussa i alle rom, men samtidig er det lagt vekt på å behalde 60-talsstilen og resultatet er eit sjarmerande hus med fine detaljar og moderne kvalitetar. Huset har to soverom, kjøken og bad, og gir god plass for fire personar.

Frå Hansahuset si koselege stove.

Om Hansahuset:
Hansahuset er nyoppussa i alle rom, men samtidig er det lagt vekt på å behalde 60-talsstilen og resultatet er eit sjarmerande hus med fine detaljar og moderne kvalitetar. Huset har to soverom, kjøken og bad, og gir god plass for fire personar.

Nyoppussa kjøkken med eit nikk til 60-talet.

Nyoppussa kjøkken med eit nikk til 60-talet.

Her søv du godt! - Eit av to soverom i Hansahuset.

Her søv du godt! - Eit av to soverom i Hansahuset.

DJI_0013.JPG

Matre

Matre ligg omlag 8 mil nord for Bergen. Dersom du tek av frå E-39 og svingar ned i bygda finn du eit fredeleg område der du kan ta deg ein dukkert frå den vesle sandstranda. - Eller kanskje grille i gapahuken like ved? Fjella rundt Matre by på fantastisk utsikt , og i området finn du løyper tilpassa både store og små.

Om du har fotballen med deg er det berre å ta i bruk kunstgrasbana ved Matre skule, eventuelt eit slag tennis på tennisbanen like ved. I vinterhalvåret (oktober - april), er også bassenget ved Matre skule ope 3 dagar i veka.

Motstandsgruppa Bjørn West etablerte seg i Masfjordfjella under siste del av andre verdskrig, og Masfjordfjella var åstad for dei siste kamphandlingane på europeisk jord. Om du ruslar dei få minuttane bort til Bjørn West-museet kan du lære meir om denne dramatiske historia som fann stad i fjella rundt Matre.

Hansahuset - ute vinter.jpeg

Uteliv

Frå Matre er vegen kort til Stordalen som er eit eldorado for alle som er glade i friluftsliv. På vinterstid finn du både preparerte skiløyper og skitrekk her. Stordalen er elles eit flott utgangspunkt for turar vidare inn i Stølsheimen til fots eller på ski heile året.

Tilbakemeldingar:

 

The house looks modest from the outside, but it is fantasticly renovated on the inside. The colour combinations are absolutely stunning! You will be taken care of with an extra touch of hospitality that you rearly find elsewhere. As close to hotel standard as you can get on airbnb

— Lars Jølle, september-2021

 
 
 
Vertskapet for Hansahuset, Charlotte Dyrkolbotn Brown og Bjarte Dyrkolbotn.

Vertskapet for Hansahuset, Charlotte Dyrkolbotn Brown og Bjarte Dyrkolbotn.

Kontakt oss:

Ta gjerne kontakt med oss via bestillingsskjemaet for spørsmål om opphald, mat, selskap eller anna.