Kvingo

Butikk, bubilcamp og kafé

- og meire te

Nærbutikken Kvingo - Kariann (2).jpg

Nærbutikken på Kvingo

Om du følgjer E39 nordover frå Knarvik og tek av mot Masfjordnes kjem du etter eit kvarters tid til Nærbutikken på Kvingo. Her møter du Kariann som driv nærbutikken på 13 året. Nytt av året er døgnopen butikk,- så om du kom deg litt seint avgårde til hytta eller du vart ståande i kø ut frå byen,- her kan du handle nett når det passar deg.

Butikken er utgangspunktet for mykje aktivitet og i tilknyting til denne ligg også bubilparkeringa og Snikkarbua Kafé og Pub.

Omringa av fjell og fjord er Kvingo eit eldorado for deg som likar å vere ute, og eit godt utgangspunkt for å tilbringe nokre dagar i Masfjorden. Hos Kariann kan du leige både båt og el-sykkel, og er du heldig fortèl ho deg kanskje kvar du finn dei beste fiskeplassane eller om bortgøymde badeperler?

Ferske rundstykker til frukosten.

Ferske rundstykker til frukosten.

Butikken

I butikken hennar finn du det meste som tenkjast kan. Som ho seier, «det er enklare å nemne det me ikkje har…» .
Butikken er døgnopen med bensin -og dieselutsal, tipping, apotekutsal for Apotek1, og pakkeutlevering for PostNord.

Om det er brød og melk, middagsmat, flyteleikar til badeturen, eller fiskeutstyr, - du finn det hos Kariann!

Snikkarbua kafé & pub

Vegg-i-vegg med butikken finn du Snikkarbua Kafé og Pub. Og om du skulle lure; i denne snikkarbua slepp du å spikke trefigurar.. Tvert imot, her kan du bestille mat i farten som hamburger og løvbiff, eller tradisjonsmat som raspeballar og ete i kaféen eller ta med heim. Kaféen har alle rettigheiter. Om du har ei feiring på gang, har Snikkarbua lokale til både store og små feiringar i tillegg til konsertlokale.

https://www.facebook.com/snikkarbuacafeogpub

unsplash-image--Avc2AiE1_Q.jpg

Bubilparkering

Omlag 50 meter nedanfor butikken, finn du bubilcampen på Kvingo. Denne er open heile året, og her er det plass til både campingvogner, bussar og bubilar.

Tømmestasjon og servicebygg finn du like ved.

MasfjordStor-10.jpg

Ei lita perle

Om du vil rusle deg ein tur i nabolaget anbefalar me deg ein tur ned til sjøen på Nord-Kvingo. I tidlegare tider var her eit yrande liv med dampskipsekspedisjon, meieri, kvernhus og møbelfabrikk. I dag finn du eit nydeleg naustmiljø perfekt for ein piknik på naustbakken og kanskje eit bad om temperaturen tillèt det. Om du vil rusle vidare, kan du fortsetje til dagsturhytta Fjordblikk, ein tur som passar for både store og små.
https://ut.no/turforslag/1111319373/fjordblikk-tur-til-dagsturhytta-i-masfjorden-kommune

Nærbutikken på Kvingo /Snikkarbua

kariann_ekren@hotmail.com
56 36 71 25
https://narbutikken.no/Finn-butikk/Narbutikken-Kvingo
Austfjordvegen 1190
5981 Masfjordnes

Følg oss gjerne på FB:
https://www.facebook.com/NarbutikkenKvingo/

 
 

Kontakt

Om du vil bestille plass til bubilen din, bestille mat, eller har spørsmål om opningstider, kontakt oss gjerne her: