Badeliv og rekreasjon

På vegen til dagsturhytta finn du ei lita perle ved sjøen på Kvingo. Ta med piknikkorga og nyt dagen på grasbakken medan ungane vassar i elva. Dei litt tøffare torer gjerne å hoppe frå brygga..

På vegen til dagsturhytta finn du ei lita perle ved sjøen på Kvingo. Ta med piknikkorga og nyt dagen på grasbakken medan ungane vassar i elva. Dei litt tøffare torer gjerne å hoppe frå brygga..


Badeliv

På late sommardagar kan Masfjorden by flotte badestrender i alle skulekrinsane Matre, Sandnes og Nordbygda. Om du reiser ut i båt eller vandrar i fjellet finn du bortgøymde plassar, perfekte for eit bad, men kanskje ikkje like tilgjengelege for alle.

Her får du tips til badeplassar som alle kan finne fram til og som er godt tilrettelagte for store og små, for dei som kjem langvegs frå med bil, eller dei bur i nabolaget og berre vil nyte dagen på stranda.

Areklettsanden - Nordbygda

 
 

Areklettsanden er ei fin og langgrunn sandstrand som barnefamiliar i området er svært glade i. Stranda ligg ikkje langt frå Hosteland, omlag 5 minutt med bil. Merk at du ikkje kan køyre heilt fram, men må gå siste stykket på kjerreveg og sti. Det er toalett ved stranda.

 

Sandnesvika - Sandnes

Masfjordnes - badestrand (2).jpg
 

I kommunesenteret Masfjordnes finn du denne fine stranda rett nedanfor kommunehuset. Stranda har sandbotn og rett ovanfor finn du grasbakkar til å slappe og sole deg på. Frå parkering ved kommunehuset tek det deg 2 minutt å gå ned. Toalett like ved.

Våganeset - Matre

Matre+-+V%C3%A5ganeset.jpg
 

Når du køyrer nordover på E39 kjem du etter halvanna time til Matre. Om du svingar av frå hovudvegen her og kryssar elva på veg mot sjøen, finn du Våganeset badeplass. Stranda har sandbotn og er godt tilrettelagt med gapahuk og grill. Parkering finn du like ved.

Haugsværstranda

Haugsv%25C3%25A6r%2B-%2Bbadestrand%2B2%2B%25282%2529.jpg
 
 

Har du behov for ein pause på vegen langs E-39? Om du stoppar på Haugsvær og tek turen til sjøs finn du ei fint tilrettelagt strand med skjelsandbotn i tillegg til badeplattform. Steintrapp ned til stranda. Omkledningsrom og toalett finn du i bryggjehuset på kaien ved sidan av stranda. Du kan køyre heilt fram. (Ta av frå E39 ned mot sjøen ved det som i Google Maps står oppført som MECA Haugsvær.)