Vakre naturopplevingar ventar på deg i Masfjorden.

MasfjordStor-6.jpg


Utforsk Masfjorden:

Masfjorden er eit eldorado for deg som likar å vere ute. Om du høyrer til dei sprekaste, eller berre vil rusle deg ein kort tur, Masfjorden byr på turmogelegheiter for alle. Kanskje finn du ei ny perle rundt neste sving?

Om du tek beina fatt, vil sykle, eller padle deg ein tur; mogelgheitene er uendelege, så berre pakk sekken, ta turen ut og la deg overraske.

https://ut.no/utforsker/kommune/17623/masfjorden/turforslag sine sider finn du turforslag tilpassa både store og små til lands og til vanns for Masfjorden kommune.

Våre favorittar finn du nedanfor.

5 anbefalingar for store og små:

 
Dagsturhytta Masfjorden.jpg

Dagsturhytta Fjordblikk

Hytta ligg flott til heilt i sjøkanten på Grøttneset mellom Mjanger og Kvingo.  Turen passar for alle, og tek om lag ein times tid. Dette er ein ypperleg plass for å innta nistepakken for store og små, og med eit lite bibliotek med nynorske barnebøker skulle matro også vere sikra. Det er toalett i nærleiken. Ta gjerne med badetøy og avslutt turen med eit forfriskande bad ved hytta.

Adkomst:
Frå Bergen følgjer du E39 forbi Knarvik og vidare nordover. Sving av til venstre ved Andåskrysset og følg Fv570 i 13 km. mot Masfjordnes. I Nord-Kvingekrysset tvers ovanfor busskur er det skilta til dagsturhytta. Sving inn på kommunal veg og følg denne 1 km. til parkering. Om du vil kan du også padle til hytta, i så fall er det greiast å parkere på kaien på Nord-Kvingo eller i båthamna på Kvingebakken. Du går i land rett nedanfor hytta.

Kart:
https://ut.no/turforslag/1111319373/fjordblikk-tur-til-dagsturhytta-i-masfjorden-kommune

 
Stegane.jpg

Stegane - Matresdalen

Om du ikkje er lir av  høgdeskrekk, er turen opp Stegane ein spennande tur i eit område med mykje historie, som https://bjornwest.museumvest.no/ Bjørn West-museet på Matre kan fortelje meir om. Dette er ikkje nokon lang tur, berre 500 meter, men med 250 høgdemeter rett opp kan du forvente ømme leggmusklar.. Fantastisk utsikt på toppen og eit forfriskande bad i Hummelvatnet gir lønn for strevet før du returnerer ned att same vegen. Tidsbruk; 25 – 50 min. alt etter form, alder og kor godt du tåler høgda..

Adkomst:
Frå Bergen følgjer du E39 nordover til Knarvik og vidare mot Matre. Her tek du av til høgre mot Bjordal, (Fv 381). Etter omlag 3 km kjem til ein eldre kraftstasjon på høgre sida av vegen. Ta til høgre og parker ved denne. Stien startar rett bak denne kraftstasjonen.

Kart:
https://ut.no/turforslag/1111726547/stegane-ved-hummelvatnet-masfjorden-kommune

 

Nonkletten - Haugsvær

Utsikt vest i havet - frå Nonkletten, start på Haugsvær.

Utsikt vest i havet - frå Nonkletten, start på Haugsvær.

Nonkletten er ein fin tur som byr på spektakulær utsikt over Masfjorden med utgangspunkt frå Haugsvær.

Turen startar like bak butikken på Haugsvær der du også kan parkere. Du startar med å gå på grusveg som deretter blir til sti. Det er godt å gå og tydeleg merking, men det kan vere noko vegetasjon på sommarstid. Når du kjem opp i høgda, markerer små vardar siste del av vegen til topps.

Adkomst:
Du følgjer E-39 og parkerer ved Joker-butikken på Haugsvær. Om du kjem frå Bergen, brukar du omlag halvannan time frå sentrum nordover på E-39. Om du vil følgje offentleg transport, passerer bussar til/frå Bergen dagleg, men bruk Skyss sin reiseplanleggar for å sikre deg oppdaterte ruteopplysningar: https://reise.skyss.no/planner/travel-plans

Kart:
https://ut.no/turforslag/117892109/nonkletten-fra-haugsvr

Frå Ådneburen - nede til venstre Andvik.

Frå Ådneburen - nede til venstre Andvik.

 Meisdalen - Ådneburen


Ådneburen er ein karakteristisk topp med sine 797 moh. og er eit landemerke i Masfjorden. Turen tek omlag 2,5 timar ein veg og går gjennom variert terreng i skog, på gamle buferdsvegar, trappesteg og steinur. Trass ein krevjande tur, vil du garantert synes det er verdt det når du når toppen og får ein storslagen utsikt frå Sognefjorden i nord til Bergen i sør.

Adkomst:
Frå Bergen følgjer du E39 nordover til Andåskrysset der du tek til venstre mot Masfjordnes. Følg vegen til Andvik og deretter 2 km vidare til Storevatnet, her er det parkeringsplass.

Kart:
https://ut.no/turforslag/1111184611/topptur-til-adneburen-fra-meisdalen-masfjorden-kommunehttps://ut.no/turforslag/1111184611/topptur-til-adneburen-fra-meisdalen-masfjorden-kommune

Sleirsfjellet - utsyn.jpg

Sleirsfjellet

I ytre delar av Masfjorden er turen opp til Sleirsfjellet overkommeleg  for dei fleste. Parkèr bilen ved Sleire Grendahus og følg merka sti til toppen. Turen tek om lag to timar og gir ein fantastisk utsikt mot Masfjordfjella, skjergarden og Gulen-sokna.

Adkomst:
Om du kjem frå Bergen, følg Rv 57 nordover til Leirvåg og ta ferja over til Sløvåg. Her følgjer du Rv 57 vidare til du kjem til krysset på Steine. Ta av til høgre på Fv 570 og følg denne i omlag i 6,4 km, (omlag 10min) til du når Risnes, her tek du av mot høgre på Fv 377 og køyrer nye 6,3km. Her finn du parkering ved Sleire Grendahus på høgre hand. Stien startar på andre sida av vegen.

Kart:
https://ut.no/turforslag/1113432/sleirsfjellet-opp

Om du høyrer til dei sprekaste av oss, kan du også delta i Sleirsfjellet opp. Arrangemenet blir gjennomført årleg første helga i juni.
https://www.facebook.com/Sleirsfjellet-Opp-1050293048355967