Kunst og kultur i særeigne lokaler

Masfjorden+kommune+-+Nothuset.jpg

Masfjorden båt -og sjøbrukssamling. Nothuset.

I Nothuset på Sandnes får du presentert ei rikhaldig utstilling av tradisjonelle bruksbåtar og sjøredskapar frå heile Masfjorden kommune. Sjølve Nothuset er bygd kring 1881 då bøndene frå Sandnes, Arekletten, Duesund og Kvamme gjekk saman om notbruk og difor sette opp sitt eige nothus, men er i dag eigd av Masfjorden kommune.

Om somrane utgjer Nothuset også ein særeigen arena for konsertar og andre utstillingar.
Samlinga er open sundag frå 14 – 17 i sommarhalvåret med guida omvisningar.

Les meir:
http://www.xn--btsamling-52a.no/

MasfjordStor-12 (3).jpg

Årets sommarutstilling i Fargeriet er ved Arne Kästel,

Kvamsdals Fargeri

I det gule bygget med den karakteristiske pipa på Sandnes finn du Kvamsdals fargeri. Denne typen småbedrift var svært vanleg på Vestlandet på 18- og 1900-talet, og utstillinga fortel historia om 60 år med småskala industriverksemd på Sandnes i Masfjorden. Mesteparten av inventaret i fargeriet er inntakt og står slik det sto då verksemda vart lagt ned på 50-talet.

https://www.masfjorden.kommune.no/innhald/kultur-og-fritid/kulturvern/museum-og-samlingar/kvamsdals-fargeri/

Det som tidlegare vart nytta som tørkeloft er i dag eit særprega utstillings- og konsertlokale og om du har mogelegheita, oppmodar me deg om å prøve å få med deg ein konsert her.

I sommarsesongen er ustillinga open søndagar frå 14.00-17.00 i tida
22. mai - 03. juli og 06.-28. august og elles etter avtale; ring 970 61 230 eller 977 02 476


 

Denne sommaren er det Arne Kästel som står for sommarutstillinga som du kan besøke i Kvamsdals Fargeri og hos Sandneskafèen, Masfjordnes.

Her kan du sjå fleire av bileta til Arne Kästel:

https://www.instagram.com/arnekastelkunst/