Spar Hosteland

- Butikken med alt du treng og litt til.

Spar Hosteland - Marianne sjef.jpg

Ein slik butikk er det ikkje ofte du er innom! På Hosteland i Masfjorden finn du ein Sparbutikk med eit utval langt utanom det vanlege. Her finn du alt til du treng til din dagleg handel, som eit stort utval av frukt og grønt, ferske brød og bakverk og ferskvaredisk med varmmat. Elles kan du prøve lykka hos Norsk Tipping, handle apotekvarer og hente pakkar frå Post-i-butikk eller PostNord her.

- Og så er det alt det andre du finn i butikken til Marianne:

Slik handlekorger med alt frå same butikk finn du ikkje mange stader!

·       ·       Skal du måle huset i sommar? Då finn du målarutstyr og måling frå Jotun og Gjøko i butikken.

·       Ei gåve til bursdagen du oppdaga at du hadde gløymt? Her finn du eit godt utval i leikar til alle aldrar.

·       Var steikepanna til bubilen borte vekk? Stikk innom, her finn du både panner, steingods og porselen.

·       Du veit det trådnøstet som alltid manglar for å bli ferdig med strikketøyet? Ta gjerne turen innom og sjå utvalet vårt i garn.

·      På tur til Masfjorden kan det lett skje at du får bruk for dei støvlande du gløymde igjen heime.. Ikkje bekymre deg, på Spar Hosteland finn du gode og solide Vikingstøvlar som reddar turen.

Lista kunne vore enno lenger, men moralen er; stikk innom Spar`en på Hosteland og sjekk kva dei har før du tek turen lenger av gårde. – Sjansen er stor for at Marianne & co har det du var på jakt etter.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.

Spar Hosteland - kreps 2 (2).jpg

Kvar laurdag kan du kjøpe med deg fersk kreps og anna sjømat frå fiskar Leif-Inge Fagervik utanfor Spar Hosteland. Om du vil sikre deg nokre kilo, gi han gjerne ein lyd på førehand, mob. 913 64 266.

Spar Hosteland - marknadsdag (2).jpg

Hosteland

Hosteland er eit senter for handel og service i nordre del av Masfjorden, og her finn du også frisør, klesbutikk, optikar, kafè og legesenter. Ta deg gjerne tid til ein rusletur rundt etter du er ferdig med handelen hos Spar.

Spar Hosteland

spar.hosteland@spar.no
56 16 60 51

Hosteland,
5986 Hosteland

 
 

Opningstider

Kvardagar: 09.00 - 20.00
Lørdag: 09.00 - 18.00
Søndag: stengt

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til vareutvalg eller lignande.

Velkommen til ein hyggeleg handel hos Spar Hosteland