Kritthuset Kafé og Catering

Kritthuset - Kristine og James (2).jpg

Viste du at Kritthuset er synonymt med å stå høgt i kurs hos nokon? Slik er det også å vere gjest hos Kritthuset Kafé og Catering på Hosteland i Masfjorden.

I det som blir kalla Fensfjordbygg på Hosteland har Kristine og James sidan 2020 drive Kritthuset kafé og catering, og her tryllar Kristine  fram lunsj – og middagsrettar som du kan vere sikker på er heimelaga, og gjerne også dandert med eigenkomponert krydder eller dressingar som du også kan kjøpe med deg om du vil.   

Kritthuset - lunsjbrød.jpg

Kafémeny

I kafèen finn du smurte bakarvarer, kaker og dessertar og middagsrettar. Alt er sjølvsagt laga frå botnen med våre eigne krydderblandingar og dressingar. Du kan ete i den koselege kaféen , eller ta med.

Kritthuset - kaker.jpg

Kaker

Det aller kjekkaste Kristine veit er å trylle fram dei lekraste kaker og dessertar så syt for at du har litt plass til overs når middagen er fortært!
For bestilling av kaker ta kontakt helst minimum to dagar før du skal treng ho.
Kake du kan bestille hos Kritthuset:
https://www.kritthuset.no/kaker

Koldtbord og tapas

Om du vil ha mest muleg tid til å prate med gjestene er koldtbord eller tapas frå Kritthuset perfekt å servere. Vi leverer på døra til heile Gulen og Masfjorden og du kan sette saman dei rettane du ynskjer. OBS! Bestilling til minimum 10 personar.

Kritthuset - eigenprodusert olje.jpg

Vi lagar vår eigne krydderblandingar, olje og dressing frå botnen av. Desse kan du også kjøpe med deg frå utsalet vårt i kaféen. Perfekte som gåver til den som har alt!

Du finn også gåveartiklar frå andre leverandørar i kafèen.

Velkommen innom til oss på Hosteland.

Kritthuset - foccacia.jpg

Kjempegod middag , strålende fornøgd både voksne og barn

— Ingvild Molland Hafsås

Kritthuset -
Kafé og Catering

kritthuset@hotmail.com
940 50 573
https://www.kritthuset.no/

Fensfjordvegen 615
5986 Hosteland

Følg oss gjerne på FB:
https://www.facebook.com/kritthuset/

 
 

Åpningstider:

Måndag - Fredag: 09.00 - 17.00
Lørdag: 10.00-16.00
Velkommen innom
!

Kontakt

Om du ynskjer å bestille mat, bord eller har spørsmål til levering av koldtbord eller kaker, send oss gjerne ei melding via skjema under.